Våraksjon med meining | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 E6

Forsiden > Distrikt 104 E6

Våraksjon med meining

Siste laurdagen i april kjem Lionsklubbane over heile landet ut og sel tulipanar. Motto: Det er betre å bygge born enn å reparere vaksne.

Gunhild og Bodil

Gunhild Rein Almås og Bodil Nielsen i Lions Fusa med ein nøgd kunde på Fusatun.

 

Inntekta går nemleg til førebyggande tiltak for unge, bl.a. mot rus og mobbing gjennom undervisning og utdanning.

 

Tulipanfondet

Dette er eit landsdekkande fond med same motto og der pengane mellom anna går til kursing i programmet «Mitt valg». Programmet treff kravet i undervisingsova om at skulane også skal styrke elevane sin sjølvtillit og sosiale kompetanse. Dette er noko som m.a. kan stø dei til å seie nei til rus og skape eit godt skulemiljø med tanke på mobbing.

For kvar bukett lionsklubbane kjøper inn frå leverandør vert det betalt inn 28 kroner til dette fondet. Etter årets aksjon auka Tulipanfondet med 32 200 kroner berre frå Os- og Fusaklubbane. Med tanke på at Lions i heile landet er med på denne dugnaden, ser vi at det vert pengar av det.

Inntekta av tulipansalet lokalt får klubbane disponere slik dei vil, men til same formål.

 

Idrett er også førebyggande

Lions Os hadde i år inngått samarbeid med handballspelarane, som fekk selje Lions-bukettar til inntekt for sin klubb. Lionsklubben dekte alle utgiftene, så dermed vaks handballklubb-kassa med over 60 000 kroner. Dei selde over 600 bukettar.

 

rebecca_tore_harald_grotle

Rebecca Lerch Dahl og Tore Hisdal frå Os Håndball leverte tulipanbukettar saman med Harald Grotle frå Lions Os.

Godt resultat
Elles var klubbmedlemmane ute på stands og selde tulipanar. I Fusa var området utvida, med utsal på fem stader; Baldersheim, Eikelandsosen, Fusatun, Holmefjord og Strandvik.

Det vart seld 143 bukettar til saman, og dei siste sju bukettane som vart til overs i Eikelandsosen fekk Fusa bu- og behandlingssenter gjede av.

 

I Os driv lionsklubben telefonsal av tulipanar til bedrifter i kommunen, og leverte såleis ut 298 bukettar allereie på fredagen. Ein del vart selde på tre stands på Os laurdagen, og dei siste vart levert på Luranetunet, til overrasking og glede.

 

Lionsklubbane i Os og Fusa vil gjerne takke alle som kjøpte tulipanar for å støtte dette viktige arbeidet.

 

Synnøve Lien

Lions  Fusa