«Hæla i taket» i Eikelandsosen | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 E6

Forsiden > Distrikt 104 E6

«Hæla i taket» i Eikelandsosen

Torsdag 22. februar arrangerte Lions Fusa rockekonsert for folk med nedsett funksjonsevne. Med på laget var lionsklubbane i Os, Samnanger og Norheimsund

Full sal

Torsdag 22. februar arrangerte Lions Fusa rockekonsert for folk med nedsett funksjonsevne. Med på laget var lionsklubbane i Os, Samnanger og Norheimsund, og hovudsponsor var Fusa kraftlag

Det vart ein kjempefest, der Fusa rockeklubb stilte med to band og Os Swingklubb fekk nesten alle med på golvet

Godt oppmøte og stor danseglede
Det vart omtrent full sal med gjestar som trong høveleg danseplass, og det rykte godt i om lag 260 danseføter. Mange av dei var i full aktivitet på golvet, spesielt da Os swingklubb baud opp til dans.

Grunnen til at swingklubben tok turen over fjorden var at dei brukar invitere denne målgruppa til torsdagsdans, og da vart løysinga å ta heile gjengen med – alle eller ingen.

Undervegs i arrangementet vart det pause med servering av pølser og brus, sjokoladekeke og kaffe. For som kjent går det dårleg med heltane utan mat og drikke.

Reprise i større omfang
Lions i Fusa arrangerte slik rockekonsert for første gongen i fjor, men da i mindre og berre lokal målestokk. I år vart konserten eit såkalla «soneprosjekt» der dei næraste lionsklubbane vart inviterte med, noko dei sa ja til. Soneleiar Knut Bjørnås (Samnanger) var så nøgd at han gav nestleiar i LC Fusa , Bodil Nielsen, roser etterpå.

Knut og Bodil

Soneleiar Knut Bjørnås  og VP LC Fusa  Bodil Nielsen

Ja, sa også Fusa rockeklubb, og stilte opp også i år med utstyr, instrument og entusiasme. Og publikum var med i høgste grad, det synte både danseføter, rørsler og smil. Fleire av lionsmedlemmane fekk også teste danseforma.

Rockeklubben i aksjon

Rockeklubben i aksjon

-Vi synst det er utruleg kjekt å spela for desse ungdommane, seier Håvard Grøndal Skåtun, leiar i Fusa rockeklubb. Dei elskar musikk og likar å danse så det er eit svært godt publikum. På ein pub-jobb er folk mest opptekne av å prate med kvarandre og ikkje lytte til musikken, så da er det av og til godt å spele for nokon som set pris på og er merksame på det vi framfører.

Os Swingklubb
Denne danseglade gjengen er ei soge for seg, og starta opp for 25 år sidan - mest for det sosiale, i følgje eige utsegn. Klubben har likevel hausta heider og ære opp gjennom åra og to av medlemmane fekk gull i NM i 2005. Aktiviteten er omfattande ettersom dei både arrangerer kurs og spreier glede, og at dans er bra for helsa er det ingen tvil om.

Meir om swingklubben her: http://www.midtsiden.no/har-swinga-seg-i-25-ar

Fusa rockeklubb

Leiar i Fusa rockeklubb, Håvard Grøndal Skåtun, fortel at klubben no har vore aktiv i vel to år. Dei har base på Vinnes og har så langt 17 medlemmar, er ein frivillig organisasjon av musikarar og songarar der dei fleste spelar i andre band. Fleire av medlemmane har vore ute på turné både i Europa og USA det siste året, så det er ikkje berre «husband» vi snakkar om.

-Vi møtest i rockeklubben for fellesskap, øving og utvikling, og kan reise ut på slike oppdrag, seier Skåtun. Vi har også hatt felles konsertar og arrangert diskotek (rusfritt) i ungdomshuset på Vinnes.
Rockeklubben vart i si tid starta for å m.a. for å skaffe pengar til skikkeleg utstyr, noko som også kan leigast ut til andre arrangement.
-Draumen er at vi på sikt kan få til eit eige lydstudio, eller i det minste skaffe utstyr til innspeling av musikk, seier Skåtun.

Sjangrane i Fusa har stort sett vore prega av country og metal – no er rocken også innanfor. På dansen i Eikelandsosen denne torsdagen stilte rockeklubben med to band for anledninga. Og at musikalitet ligg i genane vil du forstå av besetningane; Her er to brør i kvart av orkestera pluss at Idar og William også er brør.

Sleepwalkers:

Sleepwalkers

F.v. Marius Nilsen Kleppe, Idar Rolland, Natasja Smørholm, Andreas Nilsen Kleppe og Even Engevik Lygre. (foto: Synnøve Lien)

Samansett band:

Samansett band

F.v.: Børje Grøndal Skåtun, Håvard Grøndal Skåtun, Kjetil Solberg, Daniel Tveit og William Rolland. (foto: Synnøve Lien)