Ørsta-kalenderen er klar | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Ørsta-kalenderen er klar

Klare: President Jan Erik Fremmerlid og leiar for kalenderkomiteen Fredrik Langlo med årets utgåve av Ørsta-kalenderen.

Ørsta-kalenderen er klar

Torsdag kjem Ørsta-kalender nummer 34 for sal. Ørsta Lions håper alle finn motiv dei kjenner att.

– Vi har prøvd å få med noko for dei fleste, og frå alle delane av kommunen. Ørsta, Vartdal, Hovdebygda og Sæbø er alle representerte i årets Ørstakalender, seier Fredrik Langlo, leiar i kalenderkomiteen i Ørsta Lions.

Årets utgåve er den 34. rekkja av kalendrar Lions gir ut. Langlo fortel at det ligg eit grundig arbeid bak kalenderen.

– Det tek tid å samle inn alle bilda og skrive bildetekstar. Eg har vel sikkert brukt 50 timar på det til saman, seier Langlo.

– Alle inntektene frå kalenderen går tilbake til lokalsamfunnet gjennom arbeidet til Lions, seier president Jan Erik Fremmerlid i Lions Ørsta.

Dei fleste bilda er henta frå Møre-Nytt sine arkiv, i tillegg til at nokre kjem frå private arkiv.

– Eg har bruk nokre timar på å bla gjennom gamle utgåver av Møre-Nytt på biblioteket, seier Langlo.

Bilda strekkjer seg frå 1940-talet og fram til 1990-talet.

I år blir det ikkje rodesal av kalenderen, men han er å få kjøpt på Norli, Kontorpluss, Spar-butikkane i Hovdebygda, Ørsta og på Vartdal og på Bellingen på Sæbø.

I tillegg kjem Lions til å stå på dei fleste daglegvarebutikkane i sentrum og selje kalenderen laurdagane fram mot jul.

– Og om det er nokon som ikkje kjem seg på butikken for å kjøpe han, kan dei ringe meg på 48 10 00 40, så skal eg kome heim til dei med ein kalender, lovar Fredrik Langlo.