Inviterer til temakveld om narkotika | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Inviterer til temakveld om narkotika

Kristian Ose Silseth (t.v.) og Jan Erik Fremmerlid frå Ørsta Lions er glade for å støtte temakvelden om narkotika. Kaihus-leiar Janne Grytten er takksam for bidraget. Foto: Roy-Arne Folkestad

Inviterer til temakveld om narkotika

Tysdag 11.11.14 snakkar tidlegare storbrukarar av narkotika om denne gifta på Kaihuset.

Då vert det halde temakveld under tittelen «Aldri meir narkotika».

– Det er utruleg lett å få tak i narkotika over alt på Sunnmøre, seier Gard Warholm og Harald Vilsnes Holstad som har over tretti års erfaring som narkotikamisbrukarar.  Begge kjem til Kaihuset for å åtvare mot bruk av narkotika.

– Vi åtvarar på det sterkaste mot å ta så mykje som eitt drag med hasj, seier dei.

 Også i Ørsta meiner dei det er lett å få tak i narkotika.

Glad

Kulturhussjef Janne Skarstein er svært glad for at Ørsta Lions nok ein gong støttar Kaihuset med midlar, denne gongen til temakvelden om narkotika der også politiet vil delta.

– Utan Lions sitt bidrag hadde vi ikkje fått til dette då vi har avgrensa med ressursar, seier Skarstein.

Lions sine representantar, president Jan Erik Fremmerlid og medlem Kristian Ose Silseth, fortel at Lions har støtta Kaihuset med kring 150.000 kroner opp gjennom åra.

– Det er tilfredstilalnde å få støtte Kaihuset. Kampen mot narkotika er ei svært viktig sak for Lions, fortel dei. Den årlege tulipan-aksjonen går til arbeidet mot narkotika, det same gjer Røde fjær-aksjonen som skal haldast i februar neste år, seier Fremmerlid og Silseth.

– Vi oppmodar både ungdom og foreldre om å ta turen til Kaihuset tysdag. Dette er ei viktig sak å fokusere på, oppmodar Janne Grytten.