Sjå kor fin brygga har vorte! | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Sjå kor fin brygga har vorte!

Nøgde representanter frå Ørsta Lions, Kommune og Handikapp forbundet.

Sjå kor fin brygga har vorte!

Leiaren i Ørsta og Volda Handikaplag, Harald Olsvik, er full av begeistring over oppattbygginga av dei handikappvenlege fiskebryggene på Rjåneset.

Anlegget vart øydelagt av orkanen Dagmar. No er fiskebryggene reparerte av kommunen med støtte frå både Ørsta Lions og handikaplaget.

– Utan Svein Silseth hadde vi ikkje fått realisert dette prosjektet, rosar Harald Olsvik.

Initiativ

Det er ein del år sidan handikaplaget tok initiativ til å få etablert ein asfaltert handikapstig med to fiskebrygger, eit prosjekt i samråd med Ørsta kommune. Prosjektet var eit spleiselag mellom handikaplaget, kommunen og Ørsta Lions.

Turstigen er universelt utforma i ei lengd på 240 meter, og i anlegget finn ein også møteplassar og benker. Området er svært populært, og folk i alle aldrar er brukarar at dette flotte rekreasjonsområdet som Dagmar gav kraftig juling. Den eine fiskebrygga vart då kraftig øydelagt medan den andre fekk litt skade. I vår starta arbeidet med å reparere skadane, og no står fram den mest øydelagde brygga på ein langt meir solid måte.

Stål

– No er det brukt stålkonstruksjonar, og brygga skal tole ein ny Dagmar og vel så det, seier teknisk sjef Svein Silseth i kommunen.

Reparasjonen kostar kring 200.000 kroner. Lions betalar 25.000 kroner av dette og handikaplaget skyt inn 10.000. Kommunen sitt bidrag kjem frå skjønsmidlar frå fylket etter Dagmar.

– No står det att å utbetre gangstigen nokre plassar, slik at to rullestolar kan passere kvarandre. Dette arbeidet vert gjort til våren, fortel Silseth.

Gapahuk

Harald Olsvik i handikaplaget har også eit ønske om at det vert bygt ein gapahuk i området.

– Det hadde vore med og berika dette området. Eg vonar vi får med kommunen på dette også, seier Olsvik.

– Eg foreslår at de sender ein førespurnad til kommunen om dette, og deretter kan vi ta eit møte saman, seier Silseth.

President Jan Erik Fremmerlid i Ørsta Lions er tilfreds med at laget har støtta turstiganlegget på Rjåneset.

– Det er slike positive tiltak vi gjerne støttar, seier han.