Sylteflesklag | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Sylteflesklag

Littt av gjengen.

Sylteflesklag

Sylteflesklag 2013

Like sikkert som desember kjem er det Syltefelsklag i Lions Stryn.

Ein hard kjerne har vore trufaste i mange mange år, men gledeleg kjem det nokre nye til år  for år.

Primus motorar for arrangementet  er Kjøkkensjefen på Stryn Vidaregåande Skule, Kaare Jørgensen og VK1 sin "kokk" Rolf Spjelkavik. Stor takk til dei og Stryn Vidaregåande for lån av eit flott kjøkken.

15 stk forventingsfulle lionsmedlemmar var klar kl 18.00, då hadde Kaare og Rolf kokt ribbene sidan kl 15.30, krydder stod ferdigblanda, skjerebrett og knivar låg klar på alle arbeidplassar.

Forkle og hanskar kom på, og praten gjekk livleg rundt borda mens svoren vart teken av og lagt i formene, lag for lag av flesk og kjøtt vart lagt i til toppen var nådd og presset vart sett på.

Det gjekk med nesten 70 kg ribbe denne kvelden, nokre laga 2 former mens andre klarte seg med 1 form.

Etter ein god time var alle formar ferdige og sett i press, då var det tid for vask og rydding før karane spanderte  julebrød og gløgg:-)

Vi  ser  fram til  neste år og satsar på at vi med denne rapporten fristar resten av medlemmane til å delta.

Andreas.