Ørstakalenderen frå Lions er klar | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Ørstakalenderen frå Lions er klar

President Kristian Ose Silseth og leiar for kalenderkomiteen Fredrik Christian Langlo med den 33. årgangen av Ørstakalenderen.

Ørstakalenderen frå Lions er klar

Like lenge som Lions Club Ørsta har eksistert har vi gjeve ut Ørstakalenderen. Kvart år i månadsskiftet november-desember kjem kalenderen ut, og i år er det ikkje noko unntak.

– Dette er den 33. årgangen av kalenderen, og det er vi stolte av. Av bileta som er i årets kalender er her mykje frå Ørsta sentrum, Svendsengarden, klassebilete, fotballaget til kommunestyret i Ørsta og meir til. Sidan Staurset hadde 100-årsjubileum i fjor har vi også valt å markere det, seier leiar for kalenderkomiteen Fredrik Christian Langlo.

Populær kalender

Ørstakalenderen er populær, og i år er opplaget på 850.

– Folk må vere tidleg ute, og det er mange som samlar på dei. Vi har prøvd å spisse innhaldet litt meir i år, og det er både gamle og litt nyare bilete. Det eldste er frå 1924, og det nyaste frå 1980-talet, seier Langlo.

Salet av Ørstakalenderen har starta, og medlemmene i Lions Club Ørsta vil stå rundt omkring i Ørsta sentrum i tida framover. I tillegg vil dei gå roder i sentrumsområda, og den vil vere å finne i fleire butikkar.

– Det å gå roder starta vi opp med i fjor, og vi gjorde oss gode erfaringar i fjor. Det er fleire som kanskje ikkje kjem seg så ofte ut, men dei får moglegheita til å få Ørstakalenderen i hus når vi kjem på døra. Så det kan vere lurt å ha ein hundrelapp liggjande klar, seier Langlo.

– Inntektene frå Ørstakalenderen går utelukkande ut til gode formål. I hovudsak til barne- og ungdomsarbeid, seier president Kristian Ose Silseth i Lions Club Ørsta.

Gåver

Lions har vore med å køyre i gang undervisningsopplegget «Det er mitt val» på nesten alle skulane i Ørsta. Dette er ei haldningskampanje mot narkotika og rusmiddel. I tillegg har Lions eit internasjonalt krisefond som dei har nytta i samband med øydeleggingane på Filippinane.

– Dette byrjar å verte tappa litt ned, og det er gjort vedtak om å doble innskotet til fondet, seier Langlo.

Alle innsamla midlar i Lions går ut att utan byråkrati.

– Vi er veldig opptekne av det som skjer i lokalsamfunnet, seier Silseth.

– Gjerne plassar der kommunen ikkje kan bidra med midlar. Her vert også Ørstakalenderen eit supplement. Salet startar no, og vi håper at folk vil støtte opp om dette, seier Langlo.

Joachim Kroken Åsebø, Møre-Nytt 03.12.13