Lions Club Ørsta gav 55.000 kroner til lokale prosjekt | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Lions Club Ørsta gav 55.000 kroner til lokale prosjekt

F.v. visepresident Egil Rustad i Lions Club Ørsta, lærar Frank Velle på Ørsta ungdomsskule avdeling Liadal, einingsleiar på Møteplassen aktivitetssenter Joanne Picton Aarseth, Liadal-lærar Jon Ståle Lystad og Lions Club Ørsta-president Kristian Ose Silseth.

Lions Club Ørsta gav 55.000 kroner til lokale prosjekt

Lions Club Ørsta har teke på seg spanderbuksene og gitt lokale gåver til nesten hundre tusen kroner i år.

Lions har som tradisjon å støtte både lokale og internasjonale prosjekt økonomisk. Nyleg troppa dei opp med ein splitter ny snøfresar til Møteplassen Aktivitetssenter på Viketunet.

Bebuarane på Viketunet har eit tiltak som heiter småjobbsentralen, der dei tek på seg småjobbar som til dømes plenklipp og snømoking. I vår gav Lions ein plenklippar og ein del hagereiskap til prosjektet, og no troppa dei altså opp med ein splitter ny snøfresar til ein verdi av 15.000 kroner.

Som om ikkje det var nok, fekk Ørsta ungdomsskule avdeling Liadal 15.000 kroner til kjøp av utstyr.

– Dette skal brukast til friluftsutstyr til fiske og fangst. Og så manglar vi benker der folk kan slå seg ned. Vi skal også lette tilkomsten på Raudøyna ved å lage ein tursti midt over høgda på øya, seier lærarane Frank Velle og Jon Ståle Lystad.

Ørsta ungdomsskule avdeling Liadal er eit undervisningsprosjekt for ungdomsskuleelevar som treng meir praktisk undervisning i skulen.

Elevane har vanleg skuleundervisning på gamle Liadal skule, og reiser ut på Raudøyna fleire dagar i veka for å gjere praktisk arbeid.

Avdeling Liadal har tidlegare fått 34.000 kroner i støtte frå Lions til kjøp av kanoar, noko som har vore eit populært tilbod til elevane. Lions gir også 25.000 kroner til gjenoppbygginga av fiskerampane på Rjåneset, som vart øydelagde under Dagmar.

I tillegg har dei gitt eit monaleg beløp til internasjonale Lions-prosjekt.