Dugnad ved Dale Eldresenteret | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Dugnad ved Dale Eldresenteret

Fra venstre Bjørn, Oddvar, Olav og Gunnar i ful sving med hagearbeid.

Dugnad ved Dale Eldresenteret

Her er nokke av medlemmene i Fjaler Lions i ful sving med dugnad.

Stille aktivitetar

 Etter at Fjaler kommune har løyvt kr 400.000 til opprusting av eldresenteret låg det

til rette for eit samarbeid mellom kommunen og eldresenteret.

Då eldresenteret hadde bruk for frivilleg arbeidshjelp, stilte lionsklubben opp med

mannskap.

Først var Jakob Aase ute og reparerte ein del inventar og utstyr.

 

Etterpå vart kjellaren rydda for gammalt inventar og andre ubrukande ting og køyrt

til gjenbruksstasjonen i Flekke. Her var Jakob, Svein og Olav med.

 

Til sist vart uteområdet rydda. Ein stor tilhengar vart full av kvistar, greiner, lauv og

rusk.  Her var Bjørn, Gunnar, Oddvar og Olav med. Etter desse dugnadsyktene vart

dugnadsgjengen invitert på kafèen til nysteikte vaflar og kaffi.

 

Dugnad styrkjer samhald og kameratskap samstundes som det er kjekt og nyttig.