Underhaldning på sjukeheimane i Luster | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Underhaldning på sjukeheimane i Luster

Frå arrangementet i Luster 27. januar.

Underhaldning på sjukeheimane i Luster

Søndag 27. januar laga Luster Lions i stand eit arrangement på sjukeheimen i Luster slik at dei eldre skulle få ein triveleg ettermiddag med servering og underhaldning av Indre Hafslo Spelemannslag.

Det vart servert kaffi, bløtkake og mykje femti-seksti-talls musikk som dei eldre kjende seg godt igjen i og sang med dei som kunne.

17. februar var det sjukeheimen i Gaupne som fekk besøk og 10. mars var det Hafslo sin tur.

Luster Lions vart godt mottekne, og dei eldre satte stor pris på arranrementet.