Svært vellukka oppfølgingskurs i "Det er mitt valg" | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 C3

Forsiden > Distrikt 104 C3
Svært vellukka oppfølgingskurs i "Det er mitt valg"

Svært vellukka oppfølgingskurs i "Det er mitt valg"

Omlag 70 personar frå ungdomsskule og barnehage på kurs.

Mandag 28.januar arrangerte LC Nordfjordeid oppfølgingskurs i " Det er mitt valg". Det var Eid Ungdomsskule og barnehagane i Eid sin tur, og omlag 70 personar fekk med seg kurset. Etter litt problem i flytrafikken kom forelesar og kurshaldar Trond Rekstad akkurat fram i tide og det vart avvikla 2 kurs etterkvarandre denne ettermiddagen og kvelden.  Anders Nordbø har ansvaret for kursopplegget lokalt og hadde arrangert det heile. Asbjørn Bjørlo og Arve Naustdal var med og serverte mat og drikke til kursdeltakarane. Stemninga var svært god på begge kursa og det kom svært gode tilbakemeldingar under og etter kurset.