Distriktsmøte 25.-28. april 2019 | www.lions.no
Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Distrikt 104 B2

Forsiden > Distrikt 104 B2
Distriktsmøte 25.-28. april 2019

Distriktsmøte 25.-28. april 2019

Velkomen til Førde!

Midt i Sogn og Fjordane, inst i Førdefjorden og omkransa av flotte fjell, ligg byen Førde. Kommunen

utgjer eit område på 586 km2 og her bur i overkant av 13 000 personar.

Byen ligg sentralt på Vestlandet, midt mellom Bergen og Ålesund. Sentrumsområda har fått eit løft dei

siste åra og Førde framstår i dag som ein vakker småby.

Då Førde kommune passerte 10 000 inbyggjarar i 1997, vedtok kommunen bystatus.

Frå 2020 går Førde saman med nabokommunane Jølster, Gaular og

Naustdal i den nye storkommunen Sunnfjord.

Bygdebyen Førde er eit moderne handels- og servicesenter med eit variert og rikt næringsliv.

Dei store næringane er handel og hotell samt offentleg og privat tenesteyting. Også industri, transport,

bank, forsikring, landbruk, bygg og anlegg har stor sysselsetting. Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane

er den største arbeidsplassen i Førde.

Førde er Noregsmeister i handel. Byen har butikkar som dekkjer eit handelsområde som er 5 gonger

større enn kommunen, og talet på sysselsette i varehandelen har auka kraftig. Den moderne handelsbyen tok til å utvikle seg etter 1960.

Førdefestivalen vert arrangert kvart år i første halvdel av juli. Den er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge.

Møtestaden er Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Hotellet som vi nyttar for distriktsmøte ligg  plassert midt i Førde sentrum, og har

rikeleg kapasitet til å innlosjere alle deltakarane.

Det er kort gåavstand frå hotellet til handelshus og andre fasilitetar i Førde

sentrum.

Bilde3

Korleis reise til Førde

Bil: E39 går gjennom Førde, så det er bilvegen enten ein kjem frå sør (Stavanger/Bergen) eller

nord Trondheim/Ålesund. Frå Trondheim er det mest vanleg å køyre E6 til Otta, og så over

Strynefjellet. Køyretid er ca 3,5 timar frå Bergen.

Fly: Førde har eigen kortbaneflyplass. Direktefly (Widerøe) frå Gardermoen og Flesland.

Flybussen tek 20 min og har endestasjon rett ved Scandic Sunnfjord Hotel.

Buss: Det går ekspressbuss på strekninga Trondheim-Bergen, som eignar seg godt for reiser til/frå

Førde. Fleire daglege avgangar. Busstasjonen er rett ved Scandic Sunnfjord Hotel.

Ev. annan reisemåte, som med rutegåande båt er mogeleg. Då må ein til Florø, og så er det

bussamband til Førde (ca 1 time). Hurtigruta kan vere eit flott alternativ på den tida av året, då også

via Florø.

Sjekk høvelege rutetider og prisar for dei ulike alternativa. Vi pleier å seie vi ligg sentralt plassert, midt i

landet, med flytid 55 min frå Gardermoen.

Hjarteleg velkomen til Førde!

Lions Club Førde

lionlogo_2c