Min Lions Medlemssenter Støtt oss Engasjer deg Vårt arbeid

Lions i nyhetene

Forsiden > Engasjer deg > Lions i nyhetene > Høgthengjande Lions-utmerking til Menes - Lions Club Sogndal
Høgthengjande Lions-utmerking til Menes - Lions Club Sogndal

VART HEIDRA: Ulf Menes (i midten) mottok plaketten frå fadderen sin i Lions, Rolf Øygard, og presidenten i Lions, Marit M. Hovland. (Foto: Privat)

Høgthengjande Lions-utmerking til Menes - Lions Club Sogndal

Ulf Menes vart overraska med den høgaste utmerkinga i Lions.

Ulf Menes har vore aktiv i Lions Club Sogndal sidan 2004. Sist onsdag vart han heidra for innsatsen med utmerkinga Melvin Jones. Utmerkinga vart delt ut på julemøtet til Lions Club Sogndal, og hovudpersonen sjølv visste ikkje noko om det på førehand, vert det opplyst i ei pressemelding frå lionsklubben.

Ulike tillitsverv

Ulf Menes har hatt dei fleste tillitsverva i klubben, mellom anna sekretær, visepresident og president. Han engasjerte seg også på distriktsnivå, og var soneleiar eit par år, før han gjorde det klart i klubben at han ville satsa på å bli distriktsguvernør også.

Så vart han ramma av slag og måtte på grunn av helsa trekkja kandidaturet sitt. Han mista likevel ikkje motet, og står framleis på i klubben som eit engasjert og aktivt medlem, heiter det i pressemeldinga.

Samla inn klede

Menes har i fleire år vore primus motor for Tulipanaksjonen med sal av tulipanbukettar. Det var han som tok initiativet til å samla inn klede og utstyr til Litauen i samarbeid med lionsklubbar i Nordfjord, Møre og i Gudbrandsdalen og dreiv på med dette i fleire år. Han tok turen til Uganda for å vera med og opna "Sogndalsbrønnen", eit prosjekt i regi av Lions som skaffa drikkevatn til mange landsbyar i Uganda. Han er i dag kontaktperson og medansvarleg for arrangering av "Løveleikane" i Sogndal i samarbeid med Sogndal Idrettslag og Trimgruppa. Så langt er det berre i Trondheim og Oslo det vert arrangert tilsvarande leikar her i landet. Deltakarane er personar med nedsett funksjonsevne.